Institutt for Psykoterapi inviterer til digitalt fagmøte onsdag 1.november kl. 19-21
Pris: medlemmer og studenter kr 140,-. Andre kr 250,-
Vipps til 542873
Påmelding til sekr@instpsyk.no
Dødsvariasjonar
I dette innlegget vil Atle Møen ta utgangspunkt i Freuds seine samfunnsteori, der Freud forstår sivilisasjonsutviklinga gjennom det dialektiske samspelet mellom livsdrifta, Eros og dødsdrifta, Thanatos. Denne framveksten av sivilisasjonen, fylogenesen, meiner Freud kan forståast gjennom ein samsvarande analyse av karakterutviklinga, eller ontogenesen, noko som fører til ein mennesketype som kjenner på ei konstant skuldkjensle, eller eit «ubehag i kulturen», der dødsdrifta vender innover i den einskilde karakteren som skuldkjensle eller eit indre straffebehov. Freud forstod dødsdrifta i samband med omgrepet om gjentakingstvangen, og i denne samanhengen forstår Møen dagens fundamentalisme, fanatisme og tvangshandlingar som spise- forstyrringar og jernharde diettregime som uttrykk for gjentakingstvangen eller dødsdrifta. Dette er daglegdagse metodar for å støypa det pulserande, mangfaldige og kreative livet inn i stive dødsmasker.
Atle Møen er professor ved Sosiologisk institutt ved Universitetet i Bergen. Han har forsket på ulike tema omkring velferd og politikk. Hans bok «Sigmund Freuds samfunnsteori» kom ut i 2020. Fra forlagets omtale av verket: «I denne boka rekonstruerer Atle Møen samfunnsteorien til Freud med utgangspunkt i fire av hovudverka hans. Møen hevdar at Freud først og fremst var ein samfunnsteoretikar, og at den naturalistiske Freud berre var ein posisjon som skulle skapa vitskapeleg legitimitet til eit heilt nytt prosjekt: å forstå menneskeleg samkvem på ein mest mogleg djuptgåande måte.»