INSTITUTT FOR PSYKOTERAPI

For psykologar og legar blir det våren 2024 (januar) sett i gang:

2-årig INNFØRINGSSEMINAR i:

  • OSLO – seminarleiar blir Liv Ørbeck
  • TRONDHEIM – seminarleiar blir Laila Hjulstad

2-årig VIDAREGÅANDE SEMINAR i:

  • OSLO –seminarleiar blir Lilian Stokkeland
  • TRONDHEIM – seminarleiar blir Eystein Våpenstad

Innføringsseminaret gjev ei generell innføring i psykoanalytisk og psykodynamisk teori, intervjuteknikk, evaluering og terapi. Som ledd i utdanninga blir det kravd at kandidatane i heile seminarperioden arbeider med psykoterapi med enkeltpasientar (vaksne) under kvalifisert vegleiing (definert og godkjent av IPSY). Det er ønskeleg med minimum to års klinisk praksis frå psykisk helsevern før opptak.

  • Innføringsseminaret omfattar 196 undervisningstimar over 4 semester, organisert som dagseminar med 8 undervisningstimar kvar gong og to spesialseminar / fordjuping seminar kvar på 10 undervisningstimar. Desse blir arrangert fredag kveld og laurdag føremiddag.
  • Dagseminar føregår på faste vekedagar, 11 pr. år, og spesialseminar blir arrangert 2 gonger i løpet av seminartida.

Vidaregåande seminar bygge på innføringsseminaret og gjev ei teoretisk fordjuping med større vekt på det kliniske arbeidet. Ved sidan av dei ovanfor nemnde rammene for innføringsseminar skal kandidaten gå i ikkje-trygdefinansiert lærebehandling godkjent av instituttet. Det er ønskeleg at lærebehandlinga er starta før igangsetting av vidaregåande seminar. For opptak på vidaregåande seminar er det nødvendig med anbefaling i vegleiingsattest frå innføringsseminaret.

  • Vidaregåande seminar omfattar 196 undervisningstimar over 4 semester, organisert som dagseminar med 8 undervisningstimar kvar gong og to spesialseminar / fordjuping seminar kvar på 10 undervisningstimar som blir arrangert fredag kveld og laurdag føremiddag.
  • Dagseminar føregår vanlegvis på faste vekedagar, 11 pr. år, og spesialseminar blir  arrangert 2 gonger i løpet av seminartida.

Det blir kravd gode kunnskapar i norsk munnleg og skriftleg. Faglitteraturen er i hovudsak på engelsk. Vi oppfordrar søkarar til å sette seg godt inn i utdanninga sine rammer. Fullstendig informasjon om utdanninga sitt innhald finns på Instituttet si heimeside www.instpsyk.no.

Seminaravgift er kr 13 000,- pr. semester, dette gjeld for både innføringsseminar og vidaregåande seminar.

Les undervisningsplanen her: https://instpsyk.no/ utdanning/undervisningsplan-for-kandidatutdanningen-gjeldende-fom-seminarer-som-starter-i-2017/

Søknadsfrist: 31. oktober 2023

Søknad skal sendast via heimesida https://instpsyk.no/utdanning/nye-seminarer/soknad-til-seminar/       

For nærmare informasjon ta kontakt på telefon 22 58 17 70 eller e-post sekr@instpsyk.no eller und-leder@instpsyk.no

Legg igjen en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.