Institutt for Psykoterapi inviterer til digitalt fagmøte onsdag 1.november kl. 19-21
Pris: medlemmer og studenter kr 140,-. Andre kr 250,-
Vipps til 542873
Påmelding til sekr@instpsyk.no
Mot bakgrunnen av Freuds seine samfunnsteori, der han gjev utsyn over kultur – og sivilisasjonsutviklinga gjennom å studera samspelet mellom livsdrifta, Eros og dødsdrifta, Thanatos, kan vi få innsyn i all slags vald, aggresjon, massakrar, krigar, terror og bomber. Dette er dødsdrifta sin støyande og lett synlege tilsynekomst i kulturen og sivilisasjon. Det er viktig nok å forstå aggresjons og øydeleggingstrongen som eit vedvarande fenomen i alle samfunn, medrekna den innebygde trongen til å kontrollera den indre og ytre naturen, noko som Freud forstod som ei sublimert destruksjonsdrift. Freud meinte samstundes at den moderne sivilisasjonen også skaper ein mennesketype som kjenner på eit «ubehag i kulturen» eller ei konstant skuldkjensle, der dødsdrifta vender innover i den einskilde karakteren som ei indre vald eller eit indre straffebehov. Dette vil seia at det er minst like viktig å få innsyn i dødsdrifta sine stumme og tause variantar, slike som alle typar avhengigheit, alkoholisme, sjølvmord og sjølvskading, og endeleg søken til ein «Nirvana tilstand» der alle tilknytingar til andre menneske og verden vert oppheva i eit stort og tomt aude landskap. Mange av desse stumme variantane av dødsdrifta kan vi forstå gjennom innsikter i den indre gjentakingstvangen som er hovudinnhaldet i alle former for tvangshandlingar, som spise- forstyrringar og jernharde diettregime, fundamentalisme og fanatisme. Dette er daglegdagse metodar for å støypa det pulserande, mangfaldige og kreative livet inn i stive dødsmasker. Det er desse dødsvariansane i livet, eller dødslivet, i kvardagen, karakteren og kulturen, som vi kan forstå og analysera gjennom innsikter frå den seine Freud. Vi kan difor få fornya kunnskapar og innsikter om aktuelle fenomen ved å venda tilbake til Freud, atter ein gong!
Atle Møen er professor ved Sosiologisk institutt ved Universitetet i Bergen. Han har forsket på ulike tema omkring velferd og politikk. Hans bok «Sigmund Freuds samfunnsteori» kom ut i 2020. Fra forlagets omtale av verket: «I denne boka rekonstruerer Atle Møen samfunnsteorien til Freud med utgangspunkt i fire av hovudverka hans. Møen hevdar at Freud først og fremst var ein samfunnsteoretikar, og at den naturalistiske Freud berre var ein posisjon som skulle skapa vitskapeleg legitimitet til eit heilt nytt prosjekt: å forstå menneskeleg samkvem på ein mest mogleg djuptgåande måte.»
https://scandinavianacademicpress.no/boker/sigmund-freuds-samfunnsteori-open-access