Seminar med Johan Eriksson: Psykoanalysens filosofi

Stad: Bergen, Thon Hotel Orion.  

Tid: 27. september 2019 kl. 0830 – 1530.

Institutt for Psykoterapi inviterer til seminar med Johan Eriksson.

Johan Eriksson er doktor i teoretisk filosofi, privatpraktiserande psykoanalytikar og legitimerad psykoterapeut, ansvarleg utgivar av Divan – tidskrift för psykoanalys och kultur, medlem i redaksjonen for The Scandinavian Psychoanalytic Review.

Psykoanalysens filosofi

Psykoanalysen er i dag på mange hold sterkt stilt spørsmål ved både som psykologisk vitenskap og som terapeutisk behandlingsmetode. For, på eit grunnleggande plan, å kunne møte denne kritikken framstår det som nødvendig att psykoanalysen først og fremst tar oppgåva med å artikulere filosofisk sitt eige særpreg både som teori og som behandlingsform. Ambisjonen med forelesingane denne dagen er å diskutere spørsmål som:

– Kva inneber det eigentleg å vere eit psykologisk vesen i psykodynamisk meining?

– Meiner vi med ”psyke” det same i den psykodynamiske psykologien som ein meiner i den eksperimentelle universitetspsykologien?

– Korleis skal ein beskrive den psykiske lidinga som den dynamiske psykoterapien behandlar?

– Korleis skal ein forstå den psykodynamiske teorien?

– Kva for etiske grunnpilarar kviler dei psykodynamiske behandlingsmetodane på? … Kort sagt, på kva filosofisk menneskesyn kviler ein terapiform som søke å dyrke fram eit friare og meir ansvarsfullt subjekt, snarare enn gjennom medisinering og åtferdsmodifikasjon å skapa eit meir funksjonelt objekt? 

Seminaret vil innehalde tre ulike tema, og blir framført i tre separate forelesingar med påfølgande diskusjon.

1. Kva er «det psykiske» i psykoanalysen?

2. Psykoanalysen: ein vitenskap om subjektiviteten.

3. Psykoanalysen – ein etisk kur.

Seminaret er godkjent som 6 timars vedlikehaldsaktivitet til Norsk legeforeining, og som 6 timars vedlikehaldsaktivitet og som 6 timers fritt spesialkurs hos Norsk psykologforeining.

Påmelding til sekr@ny.instpsyk.no , tlf.: 22 58 17 70, ved Marthe Schierenbeck

Pris: kr 2500, – Lunsj inkludert

Frist for påmelding:  13. september 2019

Velkommen!

Ole Johan Finnøy, undervisingsledar ved Institutt for Psykoterapi, tlf.: 905 14 931