INSTITUTTET INVITERER TIL FAGMØTE
Onsdag 14. oktober 2015 kl. 19.00-21.00
i Instituttet sine lokaler i Nydalsveien 15, 2.etg
LARS PALMAR BREIVIK
SOM FANDEN LES BIBELEN – Å LESE OPPATT SIN EIGEN TEKST
(PSYKOANALYSE OG HISTORIEFORTELJING)
Lars Palmar Brevik er psykolog med avtalepraksis i Molde. Han er veileder, læreterapeut og lærar ved instituttet. Han har ei særleg interesse for teksten, både den litterære og den personlige. I foredraget vil han ta oss med på ei reise i Freud sine tekstar, narrativ og tekstar i oss, motoverføring og overføring andsynes teksten. Konstruksjon og kva som er plausibelt sant i forholdet mellom tekst og lesar, analytikar og analysand, i arbeid med det skjulte og dei «gløymde åra». Korleis vert dette påverka av at dei er to?
Fagmøtet er ope for både medlemmer, kandidatar og andre interesserte.
VELKOMMEN!