Instituttet inviterer til fagmøte med Ole Johan Finnøy, onsdag 7.oktober 2020 kl. 19-21.
Generalforsamling er i samme lokale kl. 1700-1845.
Stad: Thon hotell Storo, Vitaminveien 23, 0485 Oslo.
Vi har eit større lokale på hotellet med høve for god smitteverns avstand og det er muleg å delta digitalt over Meet møteapplikasjon.
Møtet er for medlemmar og kandidatar.
Det er obligatorisk påmelding til sekr@instpsyk.no. Oppgje om du vil møte opp fysisk eller delta over møteapplikasjon.
Regelverket omkring læreterapiordninga er under vurdering og målet er å få behandla ordninga på generalforsamlinga i 2021 og å gjere nødvendige vedtak for å forbetre rammene for dette.
Læreterapiordninga er ein av tre modular i vår utdanning i tillegg til vegleiing av behandlingar og det teoretiske seminaret.
Tanken om det viktige ved læreterapi har røter tilbake til psykoanalysen sin hovudgrunnleggar, Sigmund Freud, som i 1912 sa at «den som vil utføre analyse av andre burde først sjølv gjennomgå ein analyse utført av ein kompetent person». Sidan har denne ordninga vorte sentral i utdanninga av behandlarar innanfor psykoanalytisk psykoterapi og psykoanalyse. Dette føredraget vil gjennomgå dei mest sentrale ordningane og dei prinsipielle motsetningane desse har medført. Vi håper dette kan kaste lys over drøftingane av vår eigen ordning, ikkje minst problemet med rammene instituttet lagar og kva dette medfører for den individuelle prosessen for kvar einskild læreterapi.
Instituttet har også spesialordningar i forhold til vår internasjonale tilknyting i og med at vi er såpass distriktsorientert i vår undervising: Vi har tillating til å godkjenne medlemmar med 200 timar eigenterapi, men med krav om 300 timar eigenterapi for å bli lærar, vegleiar eller eigenbehandlar. Er denne delte ordninga noko vi er tent med i dag?
I den aktuelle pandemisituasjonen har vi også fått mykje erfaring med seminar, vegleiing og behandling over digital oppkopling. Er det fagleg forsvarleg å gjere meir bruk av slik kontakt i utdanninga også i ein normalsituasjon?
Etter eit innleiande føredrag blir det lagt opp til felles samtale der vi håpe på aktiv deltaking.
Føredragshaldar Ole Johan Finnøy er undervisingsledar ved instituttet og arbeider i ein avtaleheimel i Oslo.