Filmkveld: Vising av filmen «Coraline» og innleiing ved psykolog Olaf Rørosgaard

INSTITUTTET INVITERER TIL FILMKVELD

Onsdag den 2. november 2016 kl. 1800  (NB! tidspunktet).

I instituttet sine lokaler i Nydalsveien 15, 2. etg.

Vi har, hausten 2016/våren 2017, planlagt  å ha to filmkveldar og to seminar for fordjuping i Donald Meltzers claustrum-omgrep og  teoriar. Claustrum omgrepet utforskar og skildrar klaustrofobiske fenomen. For å levendegjere dette vil vi starte med å vise to filmar.  Den første er «Coraline», regisert av Henry Selick og basert på ei novelle av Neil Gaiman. Den andre filmen, «The Talented Mr. Ripley»,  vil bli vist den 29. mars 2017.  Seinare i 2017 vil vi arrangere to seminar, eitt eindags seminar om claustrumomgrepet (21. april 2017) og eitt todagars seminar meir generelt om Donald Meltzer sine teoriar (23. og 24. juni 2017).  Begge seminar vil inneha kliniske illustrasjonar.

Olaf Rørosgaard vil innleie om temaet og filmen. Han er cand. psychol. frå 1978 og er spesialist i klinisk psykologi med intensiv psykoterapi. Han er medlem, vegleiar og lærar ved Institutt for psykoterapi. Han har arbeidd med psykoanalytisk psykoterapi innafor det offentlege, med barn, unge og vaksne, og arbeide i dag i eigen praksis med det samme. Den faglege forankring hans er Freuds psykologi og engelsk objektrelasjonsteori. Han har alltid hatt ein spesiell interesse for forholdet mellom dag- og nattmennesket.

NB! VI STARTAR EIN TIME TIDLEGARE ENN VI BRUKAR PÅ EIN VANLEG FAGKVELD, ALTSÅ KL 1800.

Legg igjen en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.