Draumetyding, 125 år etter

 

Det er i år 125 år sidan Sigmund Freud gav ut ei av dei viktigaste bøkene i det 20. hundreår: 

DIE TRAUMDEUTUNG  (1900).

Boka vart først publisert i år 1900 og presenterer ein banebrytande teori om draumar og ein nyskapande metode for å tolke dei. Dette har fasinert og fengsla leserar av boka fram til i dag. 

Boka representerer Freud sitt første ambisiøse forsøk på å forklare sin teori om eksistensen av det dynamisk ubevisste, skapt i barndommen og som opererer i alle menneske sitt sinn. 

For Freud er draumen ein mental aktivitet som følge sin eigen logikk. Ved å identifisere mekanismane i denne logikken kaste Freud nytt lys på korleis det ubevisste opererer og kor sterkt dette opererer i alle menneske sitt liv. 

Freud understreka dette ved å kalle draumetolkingar for «kongevegen til det ubevisste». 

Jacques Lacan meinte at moderne psykoanalyse hadde underspelt viktige aspekt ved Freud sin teori og ønska å vende tilbake til ei nærlesing av Freud sine originaltekster. I følge Lacan er ein av dei ting  objektrelasjonsteori mistolkar det at den tilla det bevisste ego altfor stor betydning. Lacan hevda derimot at det ubevisste id spelte ein mykje større rolle i psyken og at ein burde vende tilbake til bøkene av Freud som handlar om korleis det ubevisste kjem til uttrykk gjennom spøk, forsnakking og draumar.

Ein av Lacan sine mest kjente påstandar er at det ubevisste sinnsliv er strukturert på same måten som eit språk, med sine grammatikalske og semantiske strukturar. Hans utvikling av Freuds teori om begjæret og hans lære om mennesket sitt forhold til symbola har spelt ein viktig rolle innanfor mange fagområde.

For å snakke om desse interessante tema har vi invitert: 

Gustavo Dessal, som er  psykoanalytikar fødd i Buenos Aires.  Han har budd i Madrid sidan 1982 og er medlem i World Association of Psychoanalysis og av den Lacanianske skule i Spania.  Han er forfattar av fleire psykoanalytiske bøker som er oversett frå spansk til engelsk, portugisisk og italiensk.  Han har også skrive noveller og romanar i dei siste åra.  Han har undervist i Spania, Argentina, Irland og England dei seinare år.

Program:

31. oktober 2025 kl. 1700 – 1900

Draumetyding: «News from the Other Scene: Freud and the Creature of the Night”

Førelesing om draumetyding er open for alle. Den varer ca 1. time. Det er påfølgande høve til å stille spørsmål eller komme med synspunkt/diskusjon. Førelesinga føregår på engelsk.

Påmelding: Innan 17. oktober 2025 til sekretæriatet: sekr@instpsyk.no eller tlf.: 22581770 .

Deltakaravgift: 150 kr.

Stad:  Litteraturhuset (sal Skram), Oslo

_________________________________________________________________________________________________________________

1.november 2025 kl. 0900 – 1700.

 “The unconscious between Dream and truth”

Seminaret for fagfolk er delt i 4 delar, 2 førelesingar og 2 kasusframlegg med diskusjonar. Om du kan tenke deg å legge fram kasus så ta kontakt med oss i god tid før seminaret.  Seminaret føregår på engelsk.

————————————————————————————————————

0900 Oppmøte og opning

0915-1045 Førelesing om Freud si tilnærming til draumetyding.

1045 – 1115: Pause med kaffi/te

1115- 1245: Kasusframlegg

1245 – 1345 Lunsj

1345 – 1515 Førelesing om Lacan si tilnærming til draumetyding.

1515 -1530 Pause

1530 – 1700 Kasusframlegg

Deltakaravgift: 3500 kr.

Påmelding: Innan 17. oktober 2025 til sekretæriatet: sekr@instpsyk.no eller tlf.: 22581770

Stad: Institutt for Psykoterapi, 5. etasje Gjerdrums vei 19, 0464 Oslo . 

Legg igjen en kommentar

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.