Filmkveld: The Talented Mr. Ripley, innleiing ved psykolog Olaf Rørosgaard

INSTITUTTET INVITERER TIL FILMKVELD

Onsdag den 29. mars 2017 kl. 1800 (NB! tidspunktet).

I instituttet sine lokaler i Nydalsveien 15, 2. etg.

Vi har, hausten 2016 og i 2017, planlagt å ha to filmkveldar og to seminar for fordjuping i Donald Meltzers claustrum-omgrep og teoriar. Claustrum omgrepet utforskar og skildrar klaustrofobiske fenomen. Den første, «Coraline», regisert av Henry Selick og basert på ei novelle av Neil Gaiman, vart vist hausten 2016.
Den andre filmen, «The Talented Mr. Ripley», vil bli vist den 29. mars 2017. Den talentfulle mr. Ripley er ein amerikansk psykologisk dramathriller frå 1999 regissert av Anthony Minghella. Hovedrollen som mr. Ripley blir spelt av Matt Damon, mens andre sentrale roller blir spelt av Gwyneth Paltrow og Jude Law. Manus er basert på Patricia Highsmith sin roman med samme namn fra 1955. Den ble forøvrig filmatisert første gong i 1960 av franskmannen René Clément under tittelen Het sol (Plein Soleil). Handlinga er lagt til eit overklassemiljø i Italia på slutten av 50-tallet, der en skruppellaus ung mann bruke alle midlar for å bli ein av dei andre.

Seinare i 2017 vil vi arrangere to seminar, eitt eindags seminar om claustrum-omgrepet og eitt todagars seminar meir generelt om Donald Meltzer sine teoriar. Begge seminar vil inneha kliniske illustrasjonar.

Olaf Rørosgaard vil innleie om temaet og filmen. Han er cand. psychol. frå 1978 og er spesialist i klinisk psykologi med intensiv psykoterapi. Han er medlem, vegleiar og lærar ved Institutt for psykoterapi. Han har arbeidd med psykoanalytisk psykoterapi innafor det offentlege, med barn, unge og vaksne, og arbeide i dag i eigen praksis med det samme. Den faglege forankring hans er Freuds psykologi og engelsk objektrelasjonsteori. Han har alltid hatt ein spesiell interesse for forholdet mellom dag- og nattmennesket.

NB! VI STARTAR EIN TIME TIDLEGARE ENN VI BRUKAR PÅ EIN VANLEG FAGKVELD, ALTSÅ KL 1800.

Legg igjen en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.