Psykoterapiforum
i Møre og Romsdal

inviterer til seminar

Stad og tid: Sagafjord Hotel, Sæbø, fred. 15.09.2017 kl. 10.00 – 16, lunsj og pauser inkludert. Hotellet ligg ved Hjørundfjorden, 20 min køyring frå Ørsta sentrum.

Temaområder:
Det psykoanalytiske blikket og lytting
For mykje terapeuten – for lite terapeuten
Om tilknytning
Om samarbeid og hat
Draum
Overføring – motoverføring
Den såkalla begynnelse og såkalla avslutning

Det faglege innhaldet vil til dels bli presentert gjennom forelesning, delvis som timeutskrifter frå terapi (transkripsjonar) og også utdrag frå film som kan illustrere eitt eller fleire tema.

Målgruppe: psykologar, legar og andre yrkesgrupper med aktiv interesse for psykoterapi og som arbeider på nærliggande fagområder. Seminaret blir søkt godkjent som etterutdanning og fagleg vedlikehald av Psykologforeningen og Legeforeningen,

Vår seminarleiar for høvet er Lars Palmar Breivik, som har omfattande klinisk røynsle innanfor psykoterapi og psykoanalyse og er ein leiande fagperson innanfor desse fagområda i vår landsdel. I lang tid har han også fungert som lærar, vegleiar og læreanalytikar ved Institutt for psykoterapi. Lars Palmar Breivik har publisert artiklar innanfor psykoterapi og psykoanalyse.

Psykoterapiforum i Møre og Romsdal er eit forum for lokale medlemer av Institutt for psykoterapi. I tillegg arrangerer vi årleg eit ope seminar. Institutt for psykoterapi (http://ny.instpsyk.no) er ein nasjonal, statsstøtta institusjon med hovudformål å gi utdanning innanfor psykodynamisk psykoterapi til psykologar og legar. I tillegg er det ein medlemsorganisasjon for etterutdanning og faglig/kollegialt samarbeid.

Påmelding: Påmelding er gyldig ved innbetaling av seminaravgift: kr ?? til kontonr: 1210 48 95008 Kontonamn: Psykoterapiforum M&R v/ Sørdal NB! Det må framgå av innbetalinga kven det er betalt for. Send evt. særskilt melding om dette. Påmeldingsfrist: 27.08.17.

Sjela treng ikkje berre næring, men må også luftast. Difor har vi laga tre ulike pakkar, som ein kan velge mellom. Vi håper at flest mogleg har ønske om å være med på fredagskvelden og lørdagens FJELLTUR.

Pakke 3: inkluderer seminar, kaffepauser, lunsj, kollegialt/sosialt samvær, underhaldning,  middag, overnatting, frokost og bestigning av Skårasalen (1.542 moh) på laurd 16.sept. Skårasalen er høgste fjell i Ørsta kommune, men svært ukomplisert og trygg å gå på.  Ingen farlege passasjar. Vi må likevel ta atterhald ved dårleg ver: sterk vind, tungt regn eller dårleg sikt.  Fjellturen i seg sjølv kostar ikkje noko.  Pris: kr 2.300.

Pakke 2: inkluderer seminar, kaffepauser, lunsj, kollegialt/sosialt samvær, underhaldning og middag.  Pris kr 1.800.

Pakke 1: inkluderer seminar, kaffepauser og lunsj.  Pris: kr 1.500.

Kontaktpersonar:

Ole Jonny Sørdal                                        Magne Kvamme

Påmelding                                                   magkvamm@online.no

olesordal@gmail.com                                 90773025

92609971

Legg igjen en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.